Bloggeren – Strålande grøftekantmoro

Bloggeren – Strålande grøftekantmoro

Hvem: Bente Marie Friis Hausken

Bosted: Haugesund

Instagram: www.mariefriis.no

Motebildet innan blome- og stråverda osar av nostalgi i desse dagar. Der me på åttitalet tørka roser og la dei på toppen av furuskåpet, fyller med no vasane med strå og blomar både i naturfargar, pastellar og skarpe fargar.

Tekst og foto: Bente Marie Friis Hausken

Eg har ikkje heilt kasta meg på kjøpestråtrenden, men eg gjer som eg alltid har gjort; plukkar med meg grøftekanten inn i stova. Kvar gong er går på stråplukketur blir eg fasinert over kor mange ulike sortar strå som veks rett nedi gata. Og eg legg meg alltid på minne kor eg finn dei ulike typane. Som andre har sine blåbær- eller molteplassar har eg mine stråplassar. Det er noko fasinerande med desse tynne stenglane som eine dagen ligg vannrette i nordavinden for så neste dag reise seg mot sola og nyte ein vindstille dag.

Når eg tar strå inn setter eg dei alltid i vasar utan vann. Då får dei tørke og du slepper vasar med vatn som får pels rundt stilkane. Eit lite lekkert syn om du bruker blanke vasar.

Eg har alltid likt å dekke bord med linserviettar, strå og blanke vasar. Enkelt og effektfullt. Og no, i haust, har eg fylt opp med strå både i stova heime og på hytta. Det kjennes alltid ekstra godt å ta hausten inn når regnet og vinden dominerer ute.

Tips! Glassflaskene kan du enten kjøpe i interiørbutikkar eller du kan samle krydderglas, barnesaftflasker eller anna glasembalasje. Olivenglas egner seg óg godt.