Annonse

Endeleg er me i høgsesongen for å tilbringe tid ute i hagen.

Hvem: Ann Helen Kvalevaag, Interiørdesigner og boligstylist

Bosted: Kopervik

Bloggen: modernestil.blogg.no

Tekst og foto: Ann Helen Kvalevaag

Det gjer godt for kropp og sjel å vere så tett på naturen. Kjenne sola som varmer kroppen, lyden av fuglekvitter og lukta av sjø og bål. Draumen om å lage vårt eget utekjøkken starta allereie i vinter, eller det vil sei sjølve prosessen med støypinga skjedde i vinter. Faktisk har me hatt planane klar fleire år, men det tar tid å bygge opp ein hage. Men det er givende å halde på med egne prosjekt som sakte men sikkert blir til verkelegheit. Her er ingenting tilfeldig.

Hagen blei for eit godt år sidan teikna inn av meg i eit 3D program som viste eksakte mål. Dermed møtte me på veldig få overraskelser underveis. Planane var klar og det var bare å finne tid til å utføre det. For oss er det viktig å forlenge innerommet. Det skal stå i stil. Eg ønsket å få med vannelementer, både blandebatteri til utendørs bruk som kjem frå GK rør, utedusj, boblebad og vannspeil er brukt med tanke på funksjon og estetikk. Vannspeilet blir forøvrig også brukt av våre 3 små gutter der dei leker med sine heimesnekra båter. Eg likar når noko får fleire funksjoner.

Tenk på soner

Kvar står sola når ein vil sole seg, kvar er det lunt? Å bruke litt tid i hagen før den bygges opp gjer at ein utnytter sonene betre. Me valgte i år å investere i ein jaquzzi, den fekk hedersplassen på tomta da me har store planer om å bruke den heile året. Det er eit saltvannskar som er betre for kroppen og klimaet. For at den ikkje skulle ruve så mykje valgte me å kle den inn med spiler.

Me valgte også å planlegge belysningen som gjer at hagen får ein ekstra fin dybde på kveldstid. Her slepp ein synlige ledninger når ein har ein god plan på forkant. Lampene er Arne Jacobsen lamper frå Åkra Elektriske. Me har også integrerte lamper i betongtrappa som viser vei i seine nattetimer. Og levende flammer i form av bålpanne og pizzaovn som også kan brukes som peis når sola går ned. Pizzaovnen Morsø kjem frå Frøland og me ser for oss å utforske kokketalentene våre ute i sommer.

Me er fortsatt veldig glad i kombinasjonen betong og spiler og har valgt å dra det med videre i uteområdet.
Den sammensetningen synest eg gir ein fin balanse. Nå gjenstår det bare å få på plass fleire blomsterkasser, som forøvrig skal lages i cortenstål av ein lokal mann i distriktet. Eg er nemlig opptatt av å bruke Haugalandet med tanke på arbeidskraft og klimaet. I tillegg må eg på leit etter to trær eg kan feste ei hengekøye i – for det er ingen andre plassar enn i ei hengekøye ute i naturen ein slapper så godt av! 

God sommer frå interiørdesigneren som også har begynt å leke seg med uteområdet.

Annonse