Annonse

Ekte julemagi er i mine auge noko som går på stemning. Same kor flott ein gjere det rundt seg så er det den fine stemningen som må vere i bunn for at ein skal kjenne på den gode atmosfæren. 

Tekst og foto: Ann Helen Kvalvaag

Lukta av røykelse, nybakte pepperkaker, mandarin, stjerneanis, nellikspiker, gløgg og gran frå eit ekte juletre. Varmen frå peisen, stearinlysene og hjertevarmen frå dei som bor i huset høyrer jula til. 

Sjølv om du må stå for dykkar julemagi kan eg bidra til inspirasjon korleis ein kan pynte til jul.  

Og ja ein kan få julekjensla uten å bruke rødt.  

Eg er tru mot min stil så her er det få røde nisser å finne.  

Det som er av rødt er leucadendrons i adventsstaken.  

Og ja ein kan pimpe opp dei aller fleste adventsstaker.  

Eg har brukt eukalyptus som eg elsker duften av i lag med desse røde stilige blomane og litt strå som ein både kan kjøpe på blomster butikken men óg finne i skogen.  

Lysa har eg i år valgt at skal vere grønne for at uttrykket skal bli mjukare enn om eg hadde valgt svart.  

Stjerner i vindauga, på skap og ellers rundt om i huset synest eg er koselig.  

Det å blande ulike overflater gjer det spennande. Slik som her i velur og ein som har to farger i seg. 

Og glitter, ja det høyrer til i denne høgtida. 

Har du lite julepynt så er mitt tips å samle det på ein plass.  

Lag deg eit stilleben og bygg det opp i ein pyramide slik at det er synleg frå alle kanter. 

Her ser du gran treet i bakgrunn men kvar sitt juletre i papir i front.  

Men finn ein fellesnemner for julepynten om du skal ha det samlet.  

Viss ikkje kan det fort virke rotete. Hos meg går det i grønt og brunt/beige.  

Naturen er alltid min største inspirasjonskilde. Sjå korleis fargane speler på lag.  

Hausten er den finaste tida når det kjem til fargar i naturen. Brende oransje fargar mot gult og grønt.  

Og mose er også veldig dekorativt å bruke både i dekorasjoner og rundt ein krans.  

Tenk på kor mykje fine ting ein finn i naturen som er gratis. Kvart år lager eg kranser med grønt frå skogen.  Kongler frå eit lerketre er også veldig dekorativt. Og har du små barn i familien eller barnebarn er det ein fin måte å vise dei kor mange skatter som finnes og kor nydelig pynt ein kan lage.  

Berre fantasien sette grenser på kva ein kan lage.  

Ei riktig god jul ønskes frå meg.

Annonse