Annonse

Eg har alltid vore fasinert av store vindauge. Heilt siden eg som liten teikna moderne einebustadar. Felles for teikningane var at dei alle hadde store stovevindauge der ein følte at ein satt ute. At ein opplevde årstidene i si eiga stove syns tolvårige meg var eksotisk å tenke på. 

På fjellhytta blei det tidleg klart at me ikkje skulle ha tradisjonell hytte med små vindauge. Ikkje det at det ikkje er koselig og flott, men me ville så gjerne få med oss alt som skjedde utanfor hytta. Naturen. Årstidene. Fargane.Turgåarar. Skiløperar. Og no, etter at me fekk hund, det viktigaste av alt: hundane som går forbi. Hadde det vore opp til meg hadde TV vore unødvendig når det skjer så mykje rett utanfor stovevindauget.

For å få best utbytte av utsikten har me laga benk framføre vindauget. Ein perfekt plass til å sløve, lese, spele og alt det andre som ein gjer på hyttetur. Med årstidene som utsikt.

Annonse