Annonse

I år som i fjor blir det til at sommaren skal nytast i norsk natur. Me fant difor ut at om me heiv oss tidleg i gang med årets hageprosjekt var det mogleg å kunne bruke den i ferien.

For å finne ut korleis me kunne nytte uteplassen best mogleg tegnet eg det opp i SkyHome sitt eget tegneprogram. Eg har lagt med eit fugleperspektiv som viser korleis eg som hagedesigner tenker.

1. Soner
2. Ulike nivå
3. Bruksområder
4. Materialvalg
5. Himmelretning
6. Belysning

For meg handler det om å lage gode soner. Og for at sonene skal vere gode må eg vite kva bruksområder ein treng. Dette kan variere fra familie til familie, med andre ord finnes det ingen fasit. Men familien min og eg elsker å vere ute og såg at me kunne gjere det enkelt å skape gode måltider om me kunne tilberede maten ute – difor var eit utekjøkken høgt på ønskelista. Utekjøkkenet valgte me å lage eit lite nivå opp. Samt ramme det inn med bjelker.

I tillegg er eg stor tilhenger av å ikkje sjå alle dei ulike sonene når ein kjem inn i ein hage. Eg liker at det er nivåforskjell og at sonene er skjult av f.eks. vegger og plantekasser. Og så handler det om å finne gode løysingar slik som at kjøkkenveggen gir le for sofasonen.

Når det kjem til å få eit uteområde til å virke heilhetlig er det lurt å bruke samme materialer fleire plasser. Til døme slik som me har brukt cortenstål som plantekasser og peis, den varme fargen tas opp igjen i plantene og singelen. Flisehellene er brukt under sofaen men også under boblebadet for å ramme den inn. Me har også valgt å legge dei som tråkk heller, i tillegg brukte me dei på kjøkkenbenken for skape ein raud tråd i materialvalget. Og DIY peisen laga av min mann, har blitt kledt inn med spiler for å ta opp igjen spilene på utekjøkkenet, samt gulvbordene.

Når ein velger gode materialer å jobbe med er det også fint å velge møbler som er varige som ikkje setter så dype spor etter seg. Her har SkyHome levert Norsk design, heile spisegruppen og sofaputene til den plassbygde sofaen. Har ein moglegheit til å velge kvalitet, vil det som regel lønne seg til slutt for desse utemøblene kjem til å tåle tidenes tann både med falming, vér og vind. I tillegg gjør det det veldig praktisk med tanke på å sleppe å tenke på vinterlagring, samt at hageputene kan ligge ute heile sesongen og me slepper å dra dei inn og ut kvar einaste dag.

Ha også i bakhodet kvar himmelretningane er. Kvar skal ein nyte morgenkaffen, kvar skal ein sole seg, gjerne noko skjermet, og kvar får ein dagens siste solstråler.

Det er også fint å kunne sitte inne å sjå ut på hagen som speiler innsiden med rett belysning. Det øker romfølelsen ved at hagen får dybde. Belys gjerne eit fint tre eller ein sti, ikkje overdriv for da mister ein effekten med fin utebelysning.

Spør deg sjølv også om når du kjem til å bruke hagen mest. Me bruker den dagtid til å lage mat ute, etterfulgt av eit kjapt bad i sjøen og deretter i boblebadet. Og når gutane er lagde går me ut igjen og da er det godt at me har lagt til rette for varme med peisbord og peis. Legger ein tilrette for slik er det større sjans for at uteområdet blir brukt. Peisbordet har ein gassbeholder som min snekkermann har skjult ved å borre hull i flisene og skjule tanken i utekjøkkenet. Da kan den bli brukt både til kos på kvelden, men også når me skal grille middag på dagtid. Klarer ein å tenke at funksjon og estetikk skal gå hand i hand, kan ein få til mange gode løysingar.

Så nå gjenstår det å nyte, for yte har me gjort.

 God sommer fra «hage»designeren


Annonse