Annonse

Egentlig hadde eg vurdert det slik at kanskje ikkje eg trengte kontoret mitt lenger. Det blei jo berre brukt til lagring av halvferdige strikkeprosjekter, stoff eg hadde handla inn til prosjektet som aldri blei noko av, avlagte barneklede som skulle sorterast ein dag eg fekk tid, julepynt, påskepynt, eska med ting me hurtigrydda ein dag me plutseleg fekk besøk og mykje anna som me ikkje trengde. 

Men etter at arbeidslivet har forandra seg, siste året, har eg innsett at heimekontoret mitt ikkje blir lagt ned med det fyrste. Då var det berre å brette opp ermene og rydde. Og då eg var ferdig rydda syns eg verkeleg at kontoret trengte å fiffe seg litt opp. I nokre veker bestemte og ombestemte eg meg for veggfarge. Det er jo ein fargejungel der ute. Til slutt falt valget på ein gamal favoritt; cash-
mere. Eg liker å ha tak og veggar sme farge når rom har skråtak, og slik blei det denne gongen óg.

Filosofien er at det meste som fins på heimekontoret mitt skal oppbevarast i skuffer og skap. Det betydde at eg måtte kvitte meg med ganske så mykje. Og det kjennes heilt greit. Ein del av tingene var både eg og borna vokst i frå.

Mens eg rydda fant eg mange bilder av borna. Både nye og gamle. Det gjekk litt tid til mimring og eg fant ut at her hadde eg noko å pynte veggane med.

I stoffsamlinga fant eg plutseleg ein blomstrete rest som eg hugsa at foreldra mine hadde som stovegardiner på 80-tallet. Og jammen meg satte eg meg ikkje til å sy. Det var lenge siden eg hadde sydd sist. Puta passa perfekt i lenestolen eg fant i ein bruktbutikk i fjor sommar.

No er eg klar til nye dagar på heimekontoret. Til og med mannen har ymta frampå at han kanskje kan få låne det. Han som har «budd» i kjellarstova siden før jul. Og eg har fått blod på tann og skal starte med å rydde eit gamalt og fraflytta barnerom som skal få nytt liv som garderobe.




Annonse