Annonse

På desse sidene ynskjer eg å veilede innan belysning i bolig. 

Kvar skal ein starte når ein skal bygge nytt?

Kor mykje belysning treng ein i dei ulike romma? Belysningen heng saman med kva farger ein vel. Bruker du til dømes mørke farger på vegger og gulv, bør ein lyssette annleis enn om ein går for lyse farger og lyst gulv. Korleis skal ein møblere romma, kvar skal spisestua stå? Spørsmåla kan vere mange og da er det greit å kunne tegne inn i 3D for at ein kan få ein peikepinne på korleis det kan sjå ut.

PS: Eg synest det er fint å legge opp stikk kontakt over vindauga ein har planer om å henge julestjerne i. 

Tenk også på kva alder det er på dei som skal bo i huset. Synet forverrer seg i løpet av kvart ti år som går. Og bruk gjerne høgare kelvin på kjøkkenet slik at paprikaen får meir reell farge. 

Tenk også på at spotter i taket ikkje skal kaste skugge på arbeidsflaten. 

I vårt ( Modernebygg1 og Modernestil ) siste prosjekt på Åkra valgte eg å sette inn ei Arne Jacobsen lampe som veggpunkt. Denne gir godt lys og er i tillegg eit syn for auga. Tenk funksjon og estetikk i valga. Og denne designlampa gjør seg mykje betre på veggen utan synlig ledning.

For å få slike skreddersydde løysingar til er det viktig at ein får ein god belysningsplan på plass tidleg i byggeprosessen. 

Når det kjem til spotter bør du alltid velge spotter som kan justeres slik at lyset treffer der ein treng det. Som lysdesigner tenker eg alltid på at kvart lyspunkt skal ha ei egen oppgåve. 

Belysning er eit heilt eget fag som er veldig interessant og det finnes ingen fasit eg kan gi dykk. Alt kjem an på kven designeren av lysplanen er og kven som skal bo i boligen. 


Annonse