Annonse

Desember er vanlegvis den tida av året kor ein har store selskap. Familie og vener trykker seg saman rundt bordet og praten går høgt. Fatene er fulle og deilig mat. Me går aldri svoltne i jula. Redd som eg er for at me skal ha for lite mat. Me skal nok ikkje svelte i år heller, sjølv om me ikkje kjem til å trykke oss så tett saman rundt bordet. 2020 har lært oss mykje om avstand, meteren og kor mange ein kan vere i festleg lag. 

Festleg lag er menneska som er der, maten me deler og ramma rundt. Det er ikkje tvil om at eg elsker å førebu festen. Tenke ut korleis eg skal dekke bordet. Duk eller ikkje duk? Sølv-eller stålbestikk? Kva med blomar? I jula vender eg alltid tilbake til sviblar, granbar, papirstjerner og stoffserviettar. 

Jula er tradisjonar og i år kjennes det ut som mange har skrudd opp for juletradisjonane. Både dei som blir laga i år og dei som ein har hatt lenge. Noko nytt hjå oss er spisebordet. Det store, tunge eikebordet har blitt bytta ut i eit eldre, men sprekare som kan vere rundt til kvardags og ovalt til fest. 

Eg gler meg allereie til å feire jul med flokken min!

Tips 1: 
Ta vare på fine syltetøyglas og bruk dei til svibelvasar. Eg syns at det blir ekstra fint når ein kan sjå molda.

Tips 2: 
Snik med deg grantrespirer når du er på tur. Dei er fine på bordet, både til kvardag og fest.

Tips 3: 
Til julemiddagen bruker me stoffserviettar, og då ofte kjøkenhanddukar. Pinnekjøtt og ribbe setter flekkar, og det er godt å legge ein handduk i fanget for å ta vare å festklede.

Tips 4: 
Pynt serviettane og bordet med tørka eple – eller lag deg eit epleguirlander til vindauge! 
• Kutt eplene i skiver ca. 1/2 cm
• Legg dei på bakepapir 
• Tørk dei i steikeovnen på 100 grader i ca. 5 timar


Annonse