Annonse

Korleis få ein bolig til å fremstå heilskapleg? La meg i denne saken gi deg nokre tips og råd. Eg har valgt å trekkje fram prosjektet Modernebygg1 og Modernestil gjorde i lag tidlegare i år.

Trinna er i cortenstål og behandla slik at rusten ikkje smitter av. I tillegg har me valgt å kle skyvedøra til garderoben med cortenstål plate. Når ein kjem opp i 2 etg. ser ein eit rundt bord som har fått overflatebehandling som ligner cortenstål, samt småpynt som har rustrød farge. Ved å ta igjen same materiale oppnår ein at det føles heilskapleg. 

Sjå på bileta med vaser som tek opp den rustrøde fargen, og keramikk i vinduskarmen. Så lite skal til for at auga syngleggjere det som gjentaking og igjen føles gjennomført. Allereie ved husets fasade valgte me å bruke cortenstål som blir tatt opp igjen inne. Her er det plassert 4 store cortenstål plantekasser og husnummeret på boligen er også i cortenstål. Når ein kjem inn i entréen vekkar trappen oppmerksomheta. Vårt DIY bord blei til ved å ta opp igjen flisene som er på badet. Fliser mot kvarandre i 3 utstikkere utgjør bordbeina. Mitt tips er å ta vare på kapp slik at det kan brukast i andre rom for å få ein kjensle av ein rød tråd. Flisekapp kom også til nytte som badekar bro – bare husk å ta filknotter under. Me har også bruk halvstaff to plasser i huset.

Innfelt i nisjen over sengen på soverommet, og på den store skyvedøra i stua som skjuler TV og dekoder. I tillegg har me valgt å la råmaterialet betong få gå igjen i boligen. Vaskene på begge baderommene spesialbestilt på mål laget i betong. Gulv i første etg. i betong (som Modernebygg sjølv har stålslipt) og heile benkeplaten på kjøkkenet er i betong. Håper våre valg kan vere til inspirasjon. Og at du fekk nokre tips og råd på vegen. Nå er det fullt fokus på to nye hus som skal stå klare på Åkra i høst. Det er mange valg som skal tas når ein bygger hus/ renoverer, men eg vil påstå med å ta opp igjen materialer som nevnt ovenfor vil det virke meir gjennomtenkt og profesjonelt.


Annonse