Annonse

På sommarferien sin fyrste dag gjekk me hen og kjøpte oss hytte med naust. Eg innrømmer at me har kjøpt oss arbeid, men me har óg kjøpt oss ei idyllisk hytte med naust og kai. 

Vegen ned til naustet er ein lang bakke. På sti. Ikkje perfekt til å frakte materialer, kajakkar eller andre store ting. Og difor har me funne ut at alt som er der av gamle ting får bli og brukast på ny.

Det fyrste me gjorde var å skifte ut deler av kaien. Og kva var meir naturleg enn å lage naustkjøken av dei vêrbitte materialene. Så blei det brukt til noko fornuftig og me fekk eit billig kjøken. 

Ting tar som kjent tid, men dette prosjektet gjekk overraskande fort. Eit par timar med kappsag (dreve av aggregat, me er straumlause på naustet), drill og boremaskin, så var det på plass. Å fullføre eit prosjekt er alltid tilfredstillande. Eller kanskje eg treng nokre hyller óg? Eg får nok rive litt meir slik at eg har gratis materialer.

Hugs at gamle, tørre materialer kan sprekke om du ikkje forborer i dei. 


Annonse