Annonse

Hvem: Bente Marie Friis Hausken
Bosted: Haugesund
Instagram: www.mariefriis.no

Vanlegvis kan ein planlegge det ein har lyst til og gjere det ein har lyst til. Me er heldige slik i Noreg. Her skulle du egentlig ha fått sett bilder frå påskepynta hytte med meterhøge snøskavlar utanfor. Og no, når du sit og les dette bladet, hadde eg hatt fyr i bålpanna og grilla pølser og drukke kakao med is på hytta mi. Men ikkje i år. No er det andre ting som er viktige. Difor blir det enkel interiørhobby og ei påskegul bolleoppskrift frå meg denne gongen. Ting ein kan gjere saman med dei ein bur med. Små og store.

Eg prøver så godt eg kan å ha sirkulasjon i kjøleskapet, men det er ikkje alltid det klaffar heilt. To blaute klementiner og ei dvask appelsin lå nederst i fruktskuffa då eg rydda i går. Dei fekk bli påskepynt.
Skjer sitrusfrukt i tynne skiver og legg dei på bakepapir på ei bakeplate. Sett ovnen på 60 grader og la dei ligge inni ovnen i 4-5 timar. Tørk dei på kjøkkenbenken etterpå. Trekk tau gjennom og heng dei opp på ei grein. 

Eg har ein hemmeleg draum om å dra til Danmark på papirklipp-kurs. Eg er heilt fasinert over kva dei kan få til med saks og papir. Mens ein venter på at det skal bli betre tider, Danmark skal opne og ein igjen kan leve som normalt kan ein øve seg på å klippe kyllingar, sauer eller harepusar på rekke og rad. Og pynte med dei rundt i huset.

I følge nyhetene kjem mange til å ha tomme dorullar i bøtter og spann. Kanskje kan dorullkyllingane få ein renessanse i 2020? Eller så kan du lage andre ting. Som harepusar.
Mal dorullane i den fargen du vil. La dei tørke. Del kvar dorull i seks deler. Lim saman som på bilete. 
Eg brukte limpistol. Om du brukar annan lim må du la det tørke før du trer tau gjennom. Dei passar fint saman med appelsinene på grein eller ein kan henge dei på rekke og rad på tau.

Ingen påske utan påskeboller!
Egentlig heilt vanlege skuleboller. Gamal oppskrift fra skulekjøken på Hauge skole. Eg beklager at eg ikkje hugser kor mange det blir. Berre lag dei passe store og sjå kor langt deigen rekker.

4 ss margarin 
4 dl mjølk
1 pk gjær 
4 ss sukker 
1 ts salt 
12 dl kveitemjøl
Vaniljekrem til fyll. Eg bruker Meieriene sin..
Melis og kokosmasse til topping.

Lag vanleg gjærdeig.  Forhev, trill ut boller og etterhev. Når bollene har etterheva, lag ei grop i bollene og fyll med vaniljekrem. Steikes på 225 grader i ca 10 minutter. Når bollene er kalde ta på melis og dypp i kokos.
Smaker godt til kakao og anna varm drikke.

Ha ein fin påske og ta godt vare på flokken din. Hugs å ringe eller sende ei melding til dei du trur treng ei oppmuntring. 

Annonse