Annonse

Fysioterapeuten frå Haugesund har funne ei ny nisje langt til fjells.

Det handlar om tømmer og stavlaft, om gamle byggetradisjonar miksa med komfort og luksus. Når hyttekjøparane overtar nøkkelknippet av Thorsen Eiendom AS er det nemleg både puter og pledd i sofaen, koppar og kar i kjøkkenskapa og oppredde senger som ventar. Det er nytt på Haukeli.

Terje Thorsen var nyutdanna fysioterapeut då han etablerte si første verksemd. Sveio fysikalske institutt vaks i løpet av dei neste åra til å omfatta fem fysioterapeutar, vektklinikk og treningssenter. I periodar var også andre terapeutar tilknytta instituttet.

Gründeren sjølv dreiv i tillegg som be-driftsutviklar og rådgjevar, på kundelista hadde han firma både på Vestlandet og i Finnmark. Han jobba mykje. For mykje, fann han ut då han møtte veggen.

Resultatet blei at han i 2010 selde instituttet og flytta til fjells. Her har han starta ei heilt ny karriere i hyttebransjen.

Tid er pengar

Thorsen var overtydd om at han som liten og ny aktør måtte ha noko anna å tilby.

– Filosofien min er at folk som har pengar har lite tid. To av hyttene eg selde i fjor blei kjøpt på impuls, nettopp på grunn av at det var berre å ta med seg kleda og handla litt mat på vegen. Impulskjøp til 4,2 millionar kroner, seier han og smiler.

Som fysioterapeut er Thorsen avhengig av kommunale driftsavtalar, i hyttebransjen er det marknadskreftene som rår.

Kva erfaringar har du eigentleg kunne tatt med deg vidare til denne nyskapinga?

  Om bransjane er ulike er folk dei same. Alt eg har lært om korleis me menneske tenker og reagerer har eg god nytte av. Menneskekunnskap er viktig både som behandlar og som hytteseljar, seier han.

Lego

Hytta som reiser seg ti meter frå lysløypa på Vågslid skal vere klar til visning før jul. Fem veker tar det for dei fire snekrane frå Litauen å gjere seg ferdige med tømmerarbeidet. Thorsen er innom og sjekkar dagleg.

– Hytta kjem frå fabrikken i Litauen som eit Lego-sett. Snekrane er ekstremt organiserte og effektive. Litauen er eit lågkostland, så sjølv om dei tener tre gonger meir enn dei ville gjort i heimlandet, er dei framleis rimelegare enn norske handverkarar. Hytta bygd av nordmenn ville kosta mellom 500.000 og 700.000 kroner meir, seier han.

Møbelpakke

– Eit spennande og inspirerande samarbeid, seier Ole Strømø, dagleg leiar i Møbelringen i Etne. Møbelpakkane dei leverer kostar frå 250.000 til 400.000 kroner, alt etter kor store hyttene er.

– Dette er ein totalt anna måte å selja møblar på enn det me har vore vant til. Hyttene er ulike og interiøret er ulikt, men det gjeld å lage dei slik at folk flest liker det.

Aust og vest

Hordalendingar og rogalendingar er dei typiske hytteeigarane på Haukeli. Mens vestlendingane noterte 800 timar kollonnekjøring i fjor vinter, kunne familien frå Drangedal gleda seg over opne vegar mot aust.

Jan Ove Flom og kona Kristin Leine Flom kjøpte hytte av Thorsen i mars i år.

  Lysløypa rett utanfor døra var eit pluss for oss som har tre barn som driv med skiskyting. Det er praktisk å kjøpa alt fiks ferdig, men me har sett vårt personlege preg på hytta. Den følest så absolutt vår, seier Kristin Leine Flom.

Hyttenaboane rundt svingen er ekteparet Halleraker frå Stord. Dei hadde ein leilighet midt i Haukelifjell skisenter før dei enda opp under eige torvtak på nedsida av vegen.

  Me trivest på fjellet, her slappar me av. Så lenge eg har med meg telefonen kan eg ha nesten heilt fri, seier Kjell Arne Halleraker som er driftsdirektøren i Apply Leirvik.

Leverandøren

GaardsLaft AS er den viktigaste samarbeidspartnaren til Thorsen Eiendom AS, det er dei som leverer hyttene og har kontaktane i Litauen. Innehavaren Einar Gaard, bygg- og anleggsingeniør og tidlegare eigedomsmeklar, hoppa av meklaryrket i 2007. Som Thorsen enda han opp til fjells med nye forretningsidéar. Dei siste tre åra har han levert 20 hytter på Haukeli.

– Har du den rette hytta på den rette plasseringa er det gode tider på Haukeli. Joda, hyttemarknaden går alltid i bølgjer, men dei gode produktene går alltid, seier han.

Planane

Etter eit opphald i fysioterapibransjen på over fire år, opna Thorsen ein todagars praksis på Edland i fjor. Men det blir aldri meir enn deltid, for det er i hyttebransjen han satsar.

Planen er å byggje 3-5 hytter i året og etter kvart utvikle eigedomar for utleige. Han har også ulike rehabiliteringsprosjekt på gang.

– Utfordringa er mi eiga arbeidskapasitet og tilgangen på gode tomter. Mottoet mitt er som Carl Benz, grunnleggjaren av Mercedes Benz, han sa; «Das beste oder nicht», det beste eller ingenting.

Annonse