• BLOGGEREN: Naturen inn i stua
  • BLOGGEREN: Naturen inn i stua

BLOGGEREN: Naturen inn i stua

Messing, mosegrønt og brune tonar danner ein avslappande og nydeleg harmoni i lag. Naturen byr på så mykje fine skattar og her har eg dradd inn mose og eit fint lite juletre som eg har satt i ein blank vase slik at dei skulpturelle røttene kjem til syne.

Hvem: Ann Helen Kvalevaag

Bosted: Skårshagen, Kopervik

Bloggen: modernestil.blogspot.no

Serviset har eg sneket med meg frå hu mor og det har eit skjønt julemotiv som eg synast passar fint inn i denne stilen. Eg har også valt linservietter som er mjuke og behaglege – til denne borddekkinga hadde det det ikkje passa med stive servietter. Det er dei små detaljene som utgjer heilskapen. Lys og blomar er dei viktigaste detaljene for å få eit vakkert dekket julebord. Bare pass på at høge lysestaker og blomar ikkje står midt på bordet slik at gjestene ikkje ser kvarandre.

Oppskrift poffar:

1 liter skumma surmelk

3 egg

2 kopper sukker

1 ts natron

1 ts hornsalt

1/2 kopp smør

1/2 kopp sirup

1 kg kveitemjøl

Fremgangsmåte:

Smelt smør, ha i sirup, pisk saman egg og sukker.

Bland saman.

Ha i surmelk og dei øvrige ingrediensane.

Det blir som ein tjukk grøt.

Ha ca 1/2 dl mjøl i ein dyp tallerken. Ta ein bollestor deig med skei, vend i melet.

Stekes på stekehelle i nokre minutt på kvar side.

Eit stramt bord dekket i kvitt, svart, rustrødt med innslag av grønne blomar og planter.

Her er det dekket eit bord som byr på rykande varm gløgg og nysteikte heimelaga pepperkaker. Kalenderen viser 3. søndag i advent og seine frukoster rundt bordet eller naboen på kaffibesøk er noko ein skal ta seg tid til midt i verste julerushet. Å skape gode minner er gull verdt. Jula handler om så mykje meir enn eit juletre som bugner av pakker under seg. Det er dei gode samtalane rundt bordet, latteren i rommet, dei herlige måltida med smaken av jul, granbar og pepperkakelukt og varmen frå levande lys som betyr noko. Den kvite minimalistiske heimen treng innslag av fargar for å komme til sin rett, hvis ikkje kan den kvite stilen virke noko steril. Her har eg valgt ein matt rustrød farge på ein liten del av veggen, ein treng ikkje male ein heil vegg for å få balanse i rommet.

Tenk tekstur!

På bordet har eg lagt vekt på materialene, som serviset med forskjellig mønster. Serviettene er av finere kvalitet da dei er tykkere i stoffet og lette å brette i fine former. Ein blomsterkvist i servietten gjer det litt spennande, her har eg brukt tistel sidan dei har ein kul tekstur.