• BLOGGEREN: Eit rom for latter, hygge og dei gode samtalene
  • BLOGGEREN: Eit rom for latter, hygge og dei gode samtalene

BLOGGEREN: Eit rom for latter, hygge og dei gode samtalene

Hvem: Ann Helen Kvalevaag

Bosted: Skårshagen, Kopervik

Bloggen: modernestilblogg.no

I lengre tider har eg og mannen min holdt på med vårt eige lille prosjekt. Eit rom der alle møblane er laga av oss. Eit rom som det ikkje finnes maken til, og eit rom me håper på at det vil skapast mange gode minner i.

Det er lov å koste på seg litt nytt når ein har laga alle møblene sjølv. Her har eg valgt Ferm Living sine ripple glass, både lave og champagne og karaffel. På bordet ser du også den ryk ferske nye vasen til Lyngby, oppi vasen har eg trollhassel som eg har spraylakkert i sort matt. Ein kul annleis bukett (som aldri visnar). For å bryte alle kantane har eg hengt opp Menu sine Pov crivcle i sort som gir fint spill til veggane når ein tenner telysa i dei. Desse varene er kjøpt i Kopervik hos dei kjekke damene på Glass og Glede.

Det har tatt tid å få det ferdig, da me begge to jobbar meir enn 100% og har 3 små gutar. Men slik er det vel med eigne prosjekter. Men me har kosa oss mens me har holdt på. Me synest det er så kjekt å skape noko i lag. Idéane er mange og heldigvis er me ganske samstemde.

Den aller første kvelden her nede på sjøhuset skal me tilbringa med nokre gode venner der me byr på nydelege ostar og kjeks frå den lokale favoritten på Haugalandet Amundsen Spesial.

Dei to fine skulpturane i metall og de andre hodeskulpturane er håndlaga av dyktige svenske Kristiina Haataja. Eg har sterkt tro på slike produkt som er unike og håndlaga.

Klar arbeidsfordeling

Han lager møbler, lamper, spile tak og vegger, og eg behandlar dei for at dei skal vare, syr puter til benkane og plukkar ut dei rette produkta til rommet. Me gir oss ikkje når me er trøtte og sletne, men me gir oss når jobben er gjort. Rommet går i samme stil som me er tro mot. Gode materialar og ein moderne stil som me føler oss komfortable i. Me er opptatt av å skape noko me sjølv trivast med og ikkje følgje trender slavisk.

Det er heilt naturleg å me alltid drar med oss betongmøblane inn der me kan.

Her er det bord, krakker og gulv i betong.

Spiletak

Taket er eit spiletak som har tatt tid å lage da Mr. Handy har skjært til kvar ei spile ut frå kryssfiner plater ( og eg har pussa kvar einaste ei). Dette for å kunne ta seg råd til eit spiletak da det hadde vert ein heilt annan pris skulle me for eksempel brukt eikespiler. Spilene hjelper for å betre akustikken i rommet. Opprinneleg var alle vegger og tak i betong. Me har heva gulvet i eine delen for å skape ulike soner. Gulv og vegger er kledd inn med kryssfiner som eg har behandla med kvitlasert golvolje. I tillegg har eg lakka golvet to strøk med ein matt lakk for å den rette utsjånaden, samtidig som det tåler meir når det er lakka. Eg er opptatt av ein personlig stil og da er det ekstra kjekt når eg kan bestille møbler av min ektemann, modernebygg1 as, som tryller fram det tøffeste spisebordet med fiskebeinsmønster, samt sittebenker med oppbevaring på baksida.

Me har satt inn 6 stk innerdører som me har malt sorte og satt hjul på for å kunne ha oppbevaring av redningsvester og diverse da Veavågen er vår nærmaste nabo.