• BLOGGEREN: 1 kontor, 2 stiler
  • BLOGGEREN: 1 kontor, 2 stiler

BLOGGEREN: 1 kontor, 2 stiler

Hvem: Ann Helen Kvalevaag

Bosted: Skårshagen, Kopervik

Bloggen: modernestil.blogspot.no

Slik presenterer hun firmaet sitt på bloggen: Modernestil har blitt eit eget firma. Eg tilbyr interiørveiledning, boligstyling, kurs, borddekking av ulike type selskaper. Eget designede betongbord laget for hånd av min mann (modernebygg1as).

 Etter at eg utdanna meg som interiørkonsulent har eg blitt meir bevisst kva betydning fargar har innen interiør. Bruk fargar etter kva rommet skal brukast til. 

Slik som her er det eit kontor der det fort blir seine kveldar både for meg og min mann da begge driv for seg sjølv, det er da viktig at rommet gir oss energi.

IMG_6148

Fargen oransje:

Varm og glamorøs. Fargen gjør oss oppkvikka og glad. Hvis fargen ikkje er for skarp vil den tilføra rommet ein god porsjon lunhet. Fargen stimulerer til aktivitet, den gir arbeidslyst og inspirasjon. Det er også ein farge som vekker appetitten. Barn med ADHD bør ikkje ha oransje på rommet sitt. Ein kan også med fordel velge spreke farger i rom ein ikkje oppheld seg over lang tid, som for eksempel i ein gang. Eg har lagt med bildet av kontoret slik det såg ut før. Da var alt svar og kvitt. Veldig grafisk med mykje store plakater og tekst. Ein vegg med sitat som betyr noko, fagbrev, og bilder frå gode minner, men alikevel ganske kaldt og keisamt. Her mangla eg ein dose med farge for å få opp energien. Eg har valgt å style 1 kontor med 2 stiler for å vise kor enkelt det er å jobbe med detaljer. Hovedfargen er kvitt, hakk i hel er oransje. I den eine stilen har eg valgt å dra inn gull i detaljer, og i den andre stilen grått/sort. Eg har valgte å male kun deler av veggen for å skape ein kul effekt, dette heiter color blocking.

Den glamorøse stilen:

DSCF3560

 

Her har eg valgt å bruke washi tape for å fremheve den oransje veggen, og det at den er i glitrande gull gjere det litt ekstra gøyalt. Innslag med gull saks, gull potte, mjuke luftige planter og mjuke tekstiler understreker stilen. Oppbevaring er alfa og mega når det kjem til å ha ein arbeidplass som fungerar. Få ting opp og vekk frå kontorpulten for mest mogleg arbeidsplass. Dei kjekke arkiv stativene på veggen er frå Ikea og gjør det enkelt å ha system og oversikt.

Den stramme kule stilen:

DSCF3524

DSCF3551

Denne stilen er røffare med innslag av grått og svart. Det vil gi rommet meir styrke og svart vil automatisk fremheva dei andre fargane som er i rommet. Fargen grått er ein ikkje konkurrerande farge, den er dermed ein bra farge å ha i lag med resten. Her har eg brukt kaktus for å fremheve den røffe stilen og innslag av grafiske elementer.